Høytidelig Guvernørskifte i Rotary Distrikt 2305

Ulstein Rotaryklubb var vertskap for årets guvernørskifte i Distrikt 2305 den 24. juni. Ved en høytidelig seremoni mottok Lidun Hareide klubbe og kjede. Både Ulstein og Hareid Rotaryklubber gjennomførte sine presidentskifter samtidig.

PÅtroppande DISTRIKTSGUVERNØR LIDUN JOBBAR FOR EIT MAGISK ÅR!

"Skape håp for verda", var mottoet for Rotary-året 2023-24. I år er mottoet "Rotarymagien" - og påtroppande distriktsguvernør Lidun Hareide jobbar for nettop det; at det skal bli et magisk Rotary-år.

Før avtroppande distriktsguvernør Anders Andersson overrekte kjedet og klubba til Lidun Hareide, sa han at med alle krigane rundt om i verda kunne mottoet «Skape håp for verda» høyrest litt vanskeleg ut.

- Verda har ikkje blitt betre dette året, men Rotary har bidratt med håp, slo Anderson fast.

«Å gagne andre», er det  overordna mottoet til Rotary. Andersson peika på fleire prosjekt som både hadde gagna andre og skapt håp.

Anders Andersson er frå den svenske grensebyen Charlottenberg i Eda kommune, som høyrer inn under Distrikt 2305. Han følte det ærefullt at han som svenske hadde fått vere guvernør i Noreg.

Anders Andersson delte ut PHF til Oddbjørn Øien

Oddbjørn Øien frå Sula har vore medlem i Rotary sidan 1972. Han har vore distriktsguvernør og har hatt plass i Lovrådet i til saman seks år. Under samlinga på Quality Hotel Ulstein fekk han tildelt den høgaste utmerkinga i Rotary: Paul Harris Fellow med to steinar. Han har frå før Paul Harris med ein stein. Øien har ofte med seg trompeten for å underhalde rotaryvenner.


Rotary-året rullar vidare med nye folk i styra kvart  år. Under ein kongress i Singapore tidlegare i år gjekk Lidun Hareide til innkjøp av nydesigna Rotary-nåler med “diamantar”. Under samlinga i Ulsteinvik fekk Morten Moe frå Hamar tildelt DGE-nål med “diamant” - fordi han blir distriktsguvernør etter Lidun Hareide. Nestemann i guvernørrekkja, Robert Voldnes frå Herøy, blir ny DGN og går inn i distriktsstyret med stemmerett frå 1. juli i år, og fekk også nål med “diamant.” Arne Emdal blir ny AG, ei stor og viktig rolle, og fekk den største nåla av alle.

Emdal overtek AG-vervet etter Greta Herje, som har hatt oppdraget i fem år. Herje blir no sekretær for Lidun Hareide. 

-MAGIEN SKJER NÅR VI MØTEST

Avtroppande distriktsguvernør Anders Andersson har overlevert guvernørkjedet og klubba til Lidun Hareide og ønskjer henne lykke til som distriktsguvernør frå 1. juli 2024 til 1. juli 2025. 

Etter at Lidun Hareide hadde fått guvernørkjedet rundt halsen og klubba i handa takka ho for at så mange hadde kome til Ulsteinvik for å vere med på seremonien.

- Rotarymagien skjer når vi møtest. Vi vil ha fleire medlemer, fleire kvinner og medlemsvekst, sa Hareide. - Oppdraget vårt er å skaffe 100 nye medlemer i kvart distrikt. Med sine 49 klubbar er distrikt 2305 nest største distriktet i Noreg. Vi vervar mest og vi mistar minst. Dersom vi ikkje fiksar medlemsrekrutteringa, vil vi etter kvart ikkje eksistere. Klubbane må vere attraktive, dei må vere verdt folk si tid, - og vi må ut, slik at vi er synlege. Lidun Hareide gler seg veldig til å kome ut i klubbane, få høyre kva ho kan hjelpe klubbane med - og kva ho kan lære av ulike klubbar.

- Rotary finst for at vi skal gjere godt på jorda, og det er magisk å tenke på at det i heile verda no finst om lag 1,5 millionar Rotary-medlemer som er opptekne av det same, gjere godt på jorda. Det mest magiske med Rotary er at ein blir kjent med så mange fine menneske. Truleg kjenner vi alle også fine folk som ikkje har blitt Rotarymedlemmer enno, men som vi kan invitere med inn sa den nye guvernøren i distrikt 2305 – og strålte. Ho har alt begynt å planlegge besøk ute i klubbane.

Ref.: Anne Gry Eilertsen. Foto: Anne Gry Eilertsen og Max Kipperberg


 
People of Action

12. august 2017

People of Action

Første del av Rotarys "People of Action"-kampanje er nå lansert. Her finner du materiell som klubben gjerne kan benytte for å profilere Rotary.

Guvernørens månedsbrev juli-august

4. august 2017

Guvernørens månedsbrev juli-august

Kjære Rotaryvenner - velkommen til et nytt og spennende Rotaryår!

Distriktskonferansen 2017

31. juli 2017

Distriktskonferansen 2017

Det nærmer seg årets flotteste Rotary-arrangement, Distriktskonferansen. For det første er dette Rotarydistriktets årsmøte, der bl. a. årsberetning og regnskap behandles. I tillegg er det en arena for faglig påfyll, inspirasjon, vennskap og sosial omgang.

Forbedret rotary Club Central lansert

27. juli 2017

Forbedret rotary Club Central lansert

En ny, forbedret versjon av Rotary Club Central er nå lansert. Du finner den på samme sted som den tidligere versjonen.

ROTARY: GJØR EN FORSKJELL

5. juli 2017

ROTARY: GJØR EN FORSKJELL

RI-president for 2017-2018, Ian Riseley, valgte «Rotary: making a difference», som årets tema. Her forteller han selv hvorfor han valgte dette temaet og hva det betyr.

Ian Riseley - RI-president 2017-2018

2. juli 2017

Ian Riseley - RI-president 2017-2018

Vi ønsker Rotary Internationals nye President, Ian Riseley, og selvsagt også alle nye Presidenter og klubbene i Distrikt 2305 lykke til med de oppgavene som skal utføres i rotaryåret 2017/2018.

Distriktsguvernør 2017-2018

1. juli 2017

Distriktsguvernør 2017-2018

Den 1. juli tok Wictor Sandvold over rollen som Distriktsguvernør (DG) i D2305.

Storfint besøk!

9. juni 2017

Storfint besøk!

Torsdag 8. juni hadde Ørskog Rotaryklubb besøk av 35 ungdommer i alderen 15-19 år som har bodd i Norge i ett år i forbindelse med Rotarys ungdomsutvekslingsprogram.

Ungdomsutveksling 2017-2018

27. mai 2017

Ungdomsutveksling 2017-2018

Fem flotte ungdommer skal på utveksling i regi av Rotary D2305 kommende skoleår.




Sosiale medier


Relevante lenker

Opprett avtalegiro for TRF

Håndbok 2024-25, D2305

Kommunikasjonsplan Rotary
i Norge 2022 - 2025

Klubbenes kommunikasjonsplan med handlingsplan, MAL

Rotary i Norge

Rotary Nordic

Rotary International

Rotaryen min

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nyheter fra Rotary i Norge

Loading RSS...
Les mer