Guvernørens månedsbrev - oktober




«Vennskapets Hus» Rotary i praksis

I samband med Distriktskonferansen i Molde 21. – 23. september var det rekordoppslutning av presentasjonar og utstillingar frå klubbane i «Vennskapets Hus». Kjell Magne Bondevik kommenterer dette som Rotary i praksis. To av presentasjonane i sjølve konferansen var også i same gate: 10.000 Happy Birthdays er eit samarbeidsprosjekt mellom Laerdal Global Health og Distrikt 2250. Målet er å redde mor og nyfødde barn sine liv i lavressursland. Eit svært vellukka prosjekt som så langt omfattar Zambia, Malawi, Etiopia, Rwanda og Tanzania. «Honoraret» gjekk rett til prosjektet med 10.000 kroner i tilskot. Det same blei gjort med «honoraret» til Anne Kjær Riechert som har bygd opp sin ReDI school i Berlin som driv IT opplæring av flyktningar ved hjelp av frivillige og i nær kontakt med potensielle arbeidsgjevarar. Det svært vellukka prosjektet fekk også 10.000 kroner i tilskot. 

Det var inspirerande å vere saman med 170 engasjerte deltakarar i konferansen frå nesten alle klubbane i distriktet.

Overskotet 2017-18, nå som tilskot til klubbar

Distriktet sitt årsmøte 23. september vedtok at 90.000 kroner av rekneskapsoverskotet frå 2017 – 18 skal disponerast som tilskot til klubbane. Distriktsguvernøren saman med TRF ansvarleg i distriktet blei gitt fullmakt til å forvalte denne ramma. Midlane blir utlyst på distriktet si heimeside med orientering om søknadsmåte. Vi har som mål å behandle søknadene i god tid før jul.

Utlysning av tilskot: Prosjekttilskot frå Distrikt 2305

Søknader om tilskot til prosjekt frå klubbane må ha målsetting som fokuserer på ein av RI sine tre strategiar:
1) Støtte og styrke klubbane. 2) Lokal og global samfunnsinnsats. 3) Rotary sitt omdøme i befolkninga.

Søknaden må ha ei målsetting, ein kortfatta plan/tidsplan for gjennomføring, ei budsjettskisse som viser summen av økonomiske og menneskelege ressursar i prosjektet. Vi forutset at dei som får tilskot presenterer prosjektet på distriktet sine heimesider.

 Maksbeløp for ei tildeling er kr. 10.000.  Søknadsfrist er 01. desember.

Ungdomsutveksling i Distrikt 2305

Ungdomsutveksling er eit viktig satsingsområde for Rotary og ein del av det fredsbevarende arbeidet. Å drive ungdomsutveksling sveiser klubben saman, og det er ein berikelse for klubben å ha innbound-student som klubbmedlem eit år. Det er også ein god måte å rekruttere nye og yngre medlemmer når klubben via ungdomsutveksling byggjer relasjonar til studenten sine foreldre og vertsfamiliar. Sjølv om søknadsfristen er ute 01. oktober kan vi ta imot søknader utover hausten. DYEO hjelper med det praktiske ved å fylle ut søknadsskjema og ved gjennomføring av intervju.

Rotary og Ungt Entreprenørskap

I samband med Distriktskonferansen var Rotary sitt samarbeid med Ungt Entreprenørskap drøfta i Distriktsrådet og i dei ulike presidentforum. Tilbakemeldingar er at fleire klubbar er positive til eit slikt samarbeid. Vi tenkjer oss eit samarbeid på to nivå, eit samarbeid mellom Distrikt 2305 og Ungt Entreprenørskap sine fylkesorganisasjonar i våre tre fylke og eit samarbeid mellom ein klubb og ein skole i nærmiljøet. Vi vil arbeide vidare og kome tilbake med meir konkrete tankar og forslag.  I mellomtida må dette gjerne vere tema for diskusjon i eit klubbmøte. Det kan godt vere at klubben har medlemmer som har erfaring frå Ungt Entreprenørskap.

Convention i Hamburg - deltaking frå D2305?

I forrige månadsbrev skreiv eg at eg ville drøfte spørsmålet om fellesreise med påmelding frå vårt distrikt i Distriktsråd 21. september. Distriktsrådet ønskjer god deltaking frå vårt distrikt. Omkvedet i debatten var at dette blir høve til ei stor oppleving nær oss, - eit sjeldant høve på nært hald å oppleve Rotary Convention. Konklusjonen var også at interessene og ønskje om reisemåtar vil vere så ulike at dette ikkje vil vere gunstig å arrangere som nokon fellestur. Mi oppmoding er at klubbpresidentane set temaet om deltaking i Hamburg på sakskartet for opplysning, oppmuntring og vurdering om nokon frå klubben drar til Hamburg for å oppleve RI Convention og Rotary si storheit 01. – 05. juni 2019. Eg er kjend med at klubbar er inne i desse vurderingane og det er flott. Gå inn i My Rotary og les programmet og invitasjonen. Det er gunstig å bestille før 15. desember. Lukke til, - håper at mange fra vårt distrikt kan oppleve Rotary Convention i Hamburg, og sjølvsagt også møtast i Hamburg

Oktober er «Economic and Community månad»              

Nesten 800 millionar menneske lever på mindre enn 1,9 USD pr dag. Rotarymedlemmer er i dag sterkt engasjert i å hjelpe til med å finne berekraftige løysingar for framtida. 70% av dei fattigaste lever i rurale område og er avhengig av landbruk og arbeid som relaterer seg til landbruk. Fleire klubbar i vårt distrikt engasjerer seg i prosjekt som har som mål å bedre levekår i deler av verda der fattigdommen er størst og der små og smarte tiltak gjer ein vesentleg forskjell. Eg viser til nokre av desse i min guvernørtale i klubbane. Eg utfordrar også så sterkt eg kan klubbar til å utvikle nye prosjekt i samarbeid med lokale klubbar i deler av verda der levekår er vanskelege og berekraftige prosjekt vil gjere ein stor skilnad i mange sine liv. Du finn distriktet sin TRF komite på side 26 i Håndboka (sjå distriktet si heimeside: www.d2305.rotary.no). Denne komiteen er støttespelar for klubbar i planlegging. Både Global Grant midlar eller District Grant midlar kan løysast ut til slike prosjekt, - og erfaring viser at klubbar i vårt distrikt med stor fordel kan samarbeide.

Vennleg helsing
Arvid Blindheim


 
ER ROTARY NOE FOR DEG? SE FILMEN!

26. desember 2021

ER ROTARY NOE FOR DEG? SE FILMEN!

Har du lyst til å bli med i Rotary? Vi har fått laget en film som viser hva Rotary står for og noen av aktivitetene organisasjonen driver med. Se filmen ved å trykke på overskriften!
Rotarys gjennomgående motto er Service above self!

Invitasjon til RYLA på Honne

20. desember 2021

Invitasjon til RYLA på Honne

Hunn/Gjøvik Rotaryklubb arrangerer RYLA 1.-3. april 2022. Vedlagt finner dere invitasjonen. Påmeldingsfristen er nå satt til 1. mars.

Norfo roterer og trenger nye bidragsytere

3. desember 2021

Norfo roterer og trenger nye bidragsytere

Norsk Rotaryforum trenger nye medlemmer. Sekretæren er ferdig med sin 3-års periode og vi leter etter hans etterfølger. Det samme gjelder for Short Term Exchange ungdomsutveksling. Søknadsfrist: 20. desember 2021. Utlysningstekst følger.

Hvordan starte en satellittklubb?

2. desember 2021

Hvordan starte en satellittklubb?

For å rekruttere yngre medlemmer bør man vurdere å stifte en satellittklubb. Her kan du høre hvordan de gjorde det i Stavern. Mange gode tips og råd!

Kvinner i Rotary

2. desember 2021

Kvinner i Rotary

Her kan du lese historien om når og hvordan kvinner ble medlemmer i Rotaryklubber. Samtidig kan du lese om den første kvinnelige verdenspresidenten, som tiltrer 2022/23.

Oppdaterte skjema for søknad på fond

28. november 2021

Oppdaterte skjema for søknad på fond

Skjemaene for å søke på District Grant og Fond for tiltak, utvikling og ungdomsarbeid er oppdatert. Ligger under Klubbinfo/TRF/Fond og tilskudd.

Poliodagen nærmer seg med stormskritt

20. oktober 2021

Poliodagen nærmer seg med stormskritt

Søndag 24. oktober er den offisielle Polio-dagen, som markeres lørdag 23. oktober med informasjon om hva polio er og om Rotary's store engasjement - med innsamling av penger til vår gode sak. Vedlagt finner dere link til 2 filmer dere bør se nærmere på.

Distriktskonferansen 2021

3. oktober 2021

Distriktskonferansen 2021

Tre dager til ende på Scandic Lillehammer er tilbakelagt. Mange god minner og påfyll av godt Rotary-stoff.

Rotary Norden kun som digital løsning?

22. september 2021

Rotary Norden kun som digital løsning?

På distriktets årsmøte 3. oktober tas det beslutning om man kun skal tilby den digitale løsningen. Mye penger på trykking og porto å spare.



Sosiale medier


Relevante lenker

Opprett avtalegiro for TRF

Håndbok 2024-25, D2305

Rotary i Norge

Rotary Nordic

Rotary International

Rotaryen min

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nyheter fra Rotary i Norge

Loading RSS...
Les mer