Distriktsguvernør for 2018-2019, Arvid Blindheim, og Vestnes Rotaryklubb ønskjer no velkomen til Distriktskonferansen som blir holdt på Scandic Rica Seilet i Molde den 21. – 23. september.
Konferansen skal vere ein viktig møteplass der medlemene i
Distrikt 2305 deler erfaringar frå sitt arbeid for ei betre verd lokalt og
globalt. Det er også staden for å hente inspirasjon og lærdom utanfrå og frå
Rotary sjølv. Utvikling av relasjonar og vennskap mellom klubbar og medlemer er
viktig del av dette.
Opningsforedraget på konferansen er ved tidlegare
statsminister Kjell Magne Bondevik, no dagleg leiar av Oslosenteret som
arbeider for fred og menneskerettar, og som han sjølv var initiativtakar til i
2006.
Vi ønskjer alle Rotarymedlemar saman med ektefelle/sambuar velkomen til Molde og Vestnes denne helga – sett av helga alt no. Program med påmelding kjem i juli, med frist for påmelding den 15. august.
Tur for ektefelle/sambuar søndag 23. september går til
Vestnes og Vard Langsten. Programmet for dagen er:
08.45: Avreise med buss frå hotellinngangen til Molde ferjekai. Ferje til Furneset i Vestnes, der bussen går vidare til Tomrefjord og Vard Langsten. Det er med turleiar frå Vestnes Rotary i bussen. Ankomst Vard Langsten kl. 10.00, der tilsette vil guide på skipsverftet.
Vestnes er ein av dei store skipsbyggarkommunane her til
lands, saman med Ulstein og Haram. Vard er med fem verft største
skipsbyggingskonsernet i Norge, og også blant dei største i verda i sitt
segment. Med leverandørar, sysselsett Vard Langsten aleine over tusen personar
i regionen. På verftet vil deltakarane få orientering og omvising om bord det
som blir eit cruisefartøy i den mest eksklusive klassen, med reisemål til
Sørpolen og Amazonas. Bedrifta serverer kaffi og litt å bite i.
På turen svingar bussen innom kommunesenteret i Vestnes, der
dei tre bruene over Vestnesstraumen fortel om kvar si tidsepoke. Den Trondhjemske
Postvei frå 1785 går rett gjennom handlesenteret Vestnes Brygge. Turleiaren vil
fortelje litt frå historia til kommunen, der kulturen, spesielt gjennom sang og
musikk har stått og står sterkt.
12.00: Avreise frå
Vard Langsten med buss. Ferje frå Furneset til Molde kl 12.45.
13.30: Ankomst
hotellet, lunsj.
Vestnes - med utsikt mot Molde.
14. desember 2020
Guvernørens månedsbrev for desember sendes nå ut til klubbene. Du kan også lese det her.
1. desember 2020
I denne utgaven av magasinet kan du lese om norske Lena Mjerskaug som blir vår neste RI-direktør for sone 17 og 18.
26. november 2020
Guvernørens månedsbrev for november sendes nå ut til klubbene. Du kan også lese det her.
17. november 2020
NORFO fikk i sommer på plass en digital autogiro-løsning der klubbmedlemmer på en svært enkel måte kan inngå avtale om månedlige trekk til The Rotary Foundation. Vi testet løsningen, og den fungerte utmerket!
21. oktober 2020
Kan du tenke deg å bidra med å løse oppgaver for distriktet? Du vil i så fall få noen trivelige år med mange engasjerte og positive mennesker.
16. oktober 2020
Guvernørens månedsbrev for oktober sendes nå ut til klubbene. Du kan også lese det her.
5. oktober 2020
Verdens poliodag, lørdag 24. oktober 2020, markeres av Rotarys distrikter og klubber i hele verden. Vi oppfordrer alle klubbene i distriktet til å sette fokus på End Polio Now denne dagen!
29. september 2020
Den 28. september hadde Distriktsguvernør Roald Fiksdal fellesmøtet med de seks klubbene på Nordre Sunnmøre. Med dette har distriktsguvernøren for 2020-21 allerede besøkt 24 av de 50 klubbene i distriktet.
28. september 2020
Det finnes svært mange gode grunner til å være med i Rotary. Her finner du 20 av dem!
15. september 2020
Guvernørens månedsbrev for september sendes nå ut til klubbene. Du kan også lese det her.